Brenn du for feiarfaget/førebyggjande brannvern?

Brenn du for feiarfaget/førebyggjande brannvern?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei viktig rolle i å understøtte departementet sitt ansvar for å samordne det nasjonale samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Visjonen til Direktoratet er eit trygt og robust samfunn – der alle tek ansvar. DSB skal ha oversikt over risiko og skadefare i samfunnet. Direktoratet skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB har totalt i overkant av 700 tilsette, av desse er om lag 300 ved hovudkontoret i Tønsberg.  www.dsb.no

I DSB jobbar vi kvar dag for å innfri verdiane våre om vere tillitsskapande, kompetente lagspelarar.
_______________________________________________________________________________________________

Arbeidsoppgåver

  • praktisk og teoretisk undervisning og rettleiing innan feiarfag som til dømes førebyggjande brannvern, fyringsteknikk, skorsteinsteknikk, bygnings- og verktøylære, informasjonsteknologi i feiarfaget
  • kursplanlegging, kursleiing og fagutvikling i høve til gjeldande studie- og kursplanar
  • vidareutvikle kursplanar og undervisningsmateriell med aktiv bruk av digitale verktøy i undervisninga
  • tett samarbeid med tilsette i undervisningsseksjonen ved NBSK og andre fagmiljø i DSB

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om:
  • bestått sveineprøve innan feiarfag
  • erfaring som feiar
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • kunne handtere digitale verktøy
  •  
  • Det er ønskeleg med:
  • det er ønskeleg at søkjar har meisterbrev eller andre former for relevant tilleggsutdanning i kombinasjon med yrkesutdanninga som feiar
  • pedagogisk utdanning, alternativt erfaring som instruktør eller rettleiar
  • erfaring frå førebyggjande arbeid

Personlege eigenskapar

  • fagleg inspirerande og med god pedagogisk formidlingsevne
  • initiativrik og innovativ
  • analytisk og systematisk
  • lagspelar med stoltheit for yrket ditt, og glimt i auget

    Det er viktig at du trivast i eit pedagogisk og operativt miljø.

Vi tilbyr

  • fagleg interessante arbeidsoppgåver og høve til påverknad og deltaking på nasjonalt nivå med overgang frå tradisjon til innovasjon innanfor brann, redning og samfunnstryggleik.
  • ved manglande formell pedagogisk kompetanse på tilsetjingstidspunktet vil NBSK leggje til rette for at slik relevant etterutdanning er gjennomført seinast to år etter oppstart
  • løn etter avtale som rådgjevar/seniorrådgjevar (stillingskode 1434/1364) iht kvalifikasjoner. Årsløn rådgjevar frå ltr. 55-59, kr. 464 800-515 200. Årsløn seniorrådgjevar ltr 60-70, kr. 524 000-631-700. Av løna vil det bli trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • vi praktiserer fleksitidsordning
  • vi er opne for å diskutere gode bu- og pendlarordningar
    Generelle opplysningar
  • DSB legg vekt på å sikre mangfald med omsyn til kjønn, alder og etnisk bakgrunn i rekrutteringa vår.
  • I samsvar med Offentleglova §25 kan søkjarlister bli offentleggjorde. 

     


    Om Norges brannskole og stillinga

    Norges brannskole (NBSK) er den nasjonale utdanningsinstitusjonen for kommunalt brann- og redningspersonell og er lokalisert på Fjelldal i Nordland fylke. Skolen har også ansvar for utdanning av beredskapspersonell ved flyplassane i landet, samt personell knytt til oljevern/strandsoneberedskap og feiarfag. NBSK er fagleg og administrativt underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

    Skolen har ca. 50 tilsette og er kvalitets- og miljøsertifisert etter ISO 9001 og ISO 14001. Stillinga er organisert i undervisningsseksjonen som har ansvar for alle kurs som gjennomførast i regi av Norges brannskole. Seksjonen har eit breitt samansett fagmiljø med stor stoltheit for yrket, og ei utprega teamkjensle.

    Regjeringa har gjeve DSB i oppdrag å etablere ein fagskole for brann-, rednings- og samfunnstryggleikspersonell. Fagskolen vil vere eit viktig bidrag for å heve arbeidet til kommunane med førebygging og beredskap og sjå til at utdanninga er tilpassa framtidas utfordringar. Fagskolen for brann- og redningspersonell skal etablerast der Norges brannskole i dag er lokalisert.

    Søknadsfrist: 09.09.2018

    For meir informasjon om DSB og for å søke på stillingen klikk under

           Søk på stillingen

COMMENTS