Krevjande ferjebrann i Bømlo

Krevjande ferjebrann i Bømlo

Alarmen gjekk litt før kl. 09.00 laurdag morgon 29. oktober. Det var meldt om brann i ferja M/F Strand som låg i tørrdokken ved Wärtsilä AS i Rubbestadneset, ein av kommunen sine sju delsentra med mykje industri og kring 1300 innbyggjarar. Etter 19 timers innsats av 70 brannfolk fra åtte kommuner var brannen sløkt.

Kort om verksemda LOS Marine AS:
LOS Marine AS er ei av tre bedrifter som ligg inne på området til Wärtsilä. Desse verksemdene samarbeider i same bransje der det vert produsert gir, elektro og utført vanleg vedlikehald og reparasjoner av skip. LOS Marine AS driv for det meste med vedlikehald av skip inne på flytedokken der ferja som brann var fortøyd. Dei tre bedriftene har felles industrivern som er ein del av industrivernnettverk Bømlo. Her føregår mykje bra samarbeid med andre industrivern rundt om i kommunen med felles øvingar, erfaringslæring og faste samlingar. Me har totalt 7 industrivern i Bømlo og Bømlo Brannvern er med på det meste som føregår av aktivitet her. Det er viktig for oss i brannvernet å ha ein god dialog med desse.
Heile bygningsmassen der inne er registrert som eit særskilt brannobjekt og me gjekk tilsyn der sist 18. mars i 2014. Det vart ikkje oppdaga avvik under tilsynet. Når det gjelder særskilte rutinar under varme arbeider har alle som arbeider ved LOS Marine kurs i dette.
Dette var og tilfelle på laurdagen da brannen starta i ferja. Dei har rutinar på å gjere tankar gassfrie og deretter stenge tankar med mannlokk før arbeidet med skjærebrenning tok til. Dette er rutinar dei har på alt arbeid som skal utførast i samband med varmt arbeid.

Stor brann og livreddande innsats

Bømlo brannvern  fekk alarm 29. oktober litt før kl 09.00 med melding om at det var stadfesta brann i ferje som sto i dokk i Rubbestadneset.  Underteikna som hadde 01-vakt, køyrde direkte og var på staden etter ca. 8 minuttar. Eg registrerte at dette var ein stor brann som hadde spreidd seg oppover i ferja med stor hastighet.
Arbeidsleiaren møtte meg på kaien og informerte om at det var personar inne i ferja som ikkje var dukka opp enda. Eg avgjorde straks at me tenkte livreddande innsats først og sendte røykdykkarar inn frå sida av ferja som starta søk. Det var maskinisten som var sakna. Me trudde han kunne vera fanga nede i  maskinrommet. Då mannskapsbil 1 kom til vart denne planen satt i verk. 
Deretter tok eg kontakt med 110-sentralen og bad om meir ressursar då eg allereie såg at dette ville bli ein stor og krevjande innsats.
Etter ei stund dukka maskinisten opp på kaien. Det kom og informasjon til meg to minuttar etterpå om at det er ikkje lenger var nokon sakna om bord i ferja.
Det endra situasjonsbiletet og eg sette i verk planlegginga av sjølve slokkingsarbeidet.

 

Faktorar Utfordringar

Skipet ligg inne i ein flytedokk.
Stabilitet når me brukar mykje sløkkevann ?
Det er svært mykje røyk frå skipet.
Kor beveger røyken seg i høve til busetnad ?
Kva med miljøet rundt?
Utlegging av lenser rundt dokken ?
Kvar skal KO etablerast?        
Mykje røyk rundt i området.
Kor skal eg plassere nye ressursar?         

Kva skjer når det blir mørkt?

Korleis skal eg syte for nok luft fortløpande til røykdykkarane ?

Kva med spreiingsfare?

Kva inneheld denne brannrøyken ?

Korleis skal me få tak i gode nok pustemasker til mannskap og andre som ikkje er røykdykkarar?

Det ligg eit supplyskip like foran dokken.
Kan dette brukast til sløkkjearbeidet?
Ferja er 75 m lang og har 4 etasjar.

Eg rekvirerte teikningar over skipet og ba sentralen om å ta kontakt med Bergen om eventuell leiarstøtte dersom me skulle få behov etter kvart. Utfordringane stod i kø og eg starta med å legge innsatsplan 1.

Innsatsplan 1:
    •    Folk frå verftet vert rekvirert for å stille opp ein bemanna lift for å sette våre mannskap opp akter på ferja.
    •    Fokus var no på området rundt bunkerstankene i ferja for å kjøle ned brannen for å unngå oljebrann. Evakuering av heile Rubbestadneset vert sett i verk i tilfelle bunkersolja om bord antente. Dette for  å vere føre var.
    •    Luftambulansen vert rekvirert for å sjå kva og korleis brannrøyken bevegde seg .
    •    Brannen hadde bevega seg framover og oppover i ferja – og det var svært høg temperatur inni ferja. Mykje ressursar var no på plass. Telt til mottak av nye mannskap på kaien og bevertning av desse blei etablert.
    •    Bømlo Røde Kors Hjelpekorps stilte med telt og lyskastarvogn for lyssetting av heile området før mørket falt. Redningsskøyta kom på plass og la ut oljelenser rundt flytedokken – både av omsyn til miljø og sikring av brannmannskap (over bord).
    •    Me klarte å få ned temperaturen rundt dieseltankane i ferja og sløkkjearbeidet held fram meter for meter framover i ferja – men framleis svært høge temperaturar og vanskeleg å ta seg fram med sløkkjeutstyr til sjølve brannen.

Innsatsplan 2:
    •    Bruk av skjærebrennar for å laga hol i bildekk for å kome til brannen ovenfra og kjøle ned. Nytta samstundes røykdykkarar for å bevege seg framover for å sløkkje innvendig i ferja. Desse røykdykkarane vert utsett for høg temperatur og det vert hyppig mannskapsskifte.
    •    Me nytta 2 røykvifter bak røykdykkarane for å få betre sikt og å presse ut branngassar frå ferja. Mykje skumvæske vert nytta i sløkkingsarbeidet.
    •    Etter kvart, ca. kl. 1800 laurdag, hadde me fått kontroll over brannen så langt framme i ferja at evakueringsordren vert oppheva. Det var ikkje lenger fare for at diesellageret kunne ta fyr.
    •    Maskinisten var heile tida med i KO og forklarte den til ei kvar tid fungerande utrykkingsleiar kvar dei ulike risikomomenta var i ferja.
    •    Når me hadde nådd heilt fram i nedre dekk kom me til mannskapslugarane der brannbelastninga var stor. Brannen var på dette tidspunkt sløkt i begge salongar og var no konsentrert til mannskapsdelen av ferja. Her nytta me mykje skum og utlufting med vifter. Røykdykkarlaga slukka suksessivt meter for meter.
    •    Brannen var sløkt kl. 0400 natt til sundag 30. oktober.

 

Fakta om innsatsen

    •    Om lag 70 brannfolk var i aksjon frå åtte kommunar pluss industrivern ved verksemda. I tillegg mannskap frå politi, helse, BRKHK og LOS Marine – totalt ca. 100 personar.
    •    Det gjekk med 300 stk luftflasker til hendinga som seier noko om omfanget.
    •    Fagleiar brann og skadestadsleiar tok og ein halv times permisjon for å informere dei evakuerte direkte i Bømlohallen, noko som roa situasjonen ytterlegare.

Vår vurdering:

Etter vår vurdering i etterkant var dette ei  kjempestor hending som me handterte etter boka, og det var mogleg med hjelp frå gode nabobrannvern.
Eg vil og presisere ut frå min eigen kompetanse å gje honnør til Norges Brannskule som har gjort meg kapabel til å takla ei slik hending.

 

Vi stilte brannsjef Halleraker noen oppfølgende spørsmål rundt innsatsen:
Er brann i skip og ferger beskrevet i ROS-analyse og øves det på slike scenarioer?
    •    Brann i skip og verft er omtala i ROS-analyse for Bømlo og me har stort fokus på dette. Langs vår kommune ligg fleire skip i opplag som me brukar til øvingar. Her gjer me synfaringar og lagar innsatsplanar i samarbeid med skipet si leiing.
 
Var det metoder eller utstyr som ville gjort slokningsarbeidet enklere/raskere?
    •    Ferja lå i dokk og dermed var ikkje skipet sitt slokkeutstyr tilgjengeleg. Me hadde skjærslukker  til rådvelde, men skjærebrenner viste seg å vere det mest effektive verktøyet for då fekk me skjært opp og kjølt ned skroget. Etterpå gjekk me inn med røykdykkarar som gikk gradvis framover og slokka med skum, men det var ein krevjande jobb med veldig høge temperaturar og med mange hulrom.

Hva var de kritiske faktorene i slokningsarbeidet og hvordan ble disse løst?
    •    Det store risikomomentet var drivstofftankene. Når me hadde kontroll på det så var utfordringa å ha nok friske og utkvilte røykdykkarar under alle dei timane som innsatsen varte. Her jobba me veldig strukturert ved at me hadde kun eitt røykdykkarlag i kvar etasje av skipet og med ett bergingslag alltid i beredskap.

Dere vurderte å be om lederstøtte fra Bergen – hvordan ble ledelsen av skadestedet håndtert med hensyn til sektorer og ILKO?
    •    Me tok tidlig kontakt med 110-sentralen i Haugesund og ba om at RITS-gruppen og lederstøtte var tilgjengeleg, men det vart ikkje trong for dette.
    •    Me delte ferja i tre sektorar etasjevis og jobba systematisk med slukkearbeidet med eit lag i kvar sektor framover i ferja.
    •    Me brukte ELS-enhetlig ledelsessystem som er eit svært bra verktøy for oss som skal leie innsatser. Me har kjørt kurs i ELS i lag med våre nabobrannvern og bruker bevisst dette systemet i dei fleste av våre innsatser. Dette kan faktisk brukast også i dei minste innsatsene og da tar 01 og utrykningsleiar dei fleste rollene i systemet. Tanken vår er at jo oftare me brukar ELS-systemet dess bedre blir me til å leia også i store hendingar. Me tilstrebar oss alltid til å bli betre på ELS og me held på i desse dagar med evalueringsarbeidet etter brannen.
Min påstand er at brannen i ferja var ein god innsats på grunn av at me brukte ELS-systemet. Som innsatsleiar hadde eg gode folk med meg både til HMS-logistikk og sjølve operasjonen. Me har i vår kommune informasjonssjef og han tok seg av den jobben.

Hva er din anbefaling til andre som kan tenkes å få en lignende brann med hensyn til kompetanse, utstyr, organisering mm ?  
    •    Det er veldig viktig å tenkje stort i høve til ressursar og ein struktur på desse. Alle støttemannskapa som kom måtte ha sin eigen leiar. Det fungerte godt. Men med ein så lang og krevjande innsats er det veldig viktig med eit godt arbeidsmiljø. Me fekk på plass eit telt der alle måtte innom og bli oppdatert og få i seg mat og drikke. Eit ”problem” var at ingen av mannskapa ville gi seg sjølv om dei hadde gitt alt, men då var det godt å ha helsepersonell på plass som kunne sjekka dei ut. 
    •    Deretter var det viktig å ha planar for kontinuerleg slokkevassforsyning. Me måtte halde trykket og kunne ikkje ha stopp i innsatsen. Ein supplybåt låg i beredskap i tilfelle me fekk problem.
    •    Til sist er det viktig at alle er kontinuerleg oppdatert på situasjonen og videre taktikk. I ILKO hadde me møter kvar halve time. Alt i alt handlar det om å vere i forkant så langt det er mogleg, seier Halleraker.
 

 

Publisert: 01-02-2017

COMMENTS